Seniorgruppa i Hareid IL bidreg stort med dugnadsarbeid for idrettslaget:

– Vi har det kjempeflott

Hareid IL si seniorgruppe gjer uvurderleg dugnadsarbeid for idrettslaget, og har denne veka lagt nytt golv på klubbhuset.

Kaffi- og matpause: Seniorgruppa i Hareid IL legg ned ein stor innsats for at fotballbanene og anlegget rundt skal vere i optimal tilstand under sesongen, men dei bidreg også utanfor fotballanlegga. Dei to siste vekene har gått med til å legge nytt golv inne på klubbhuset. Sjølv om gruppa arbeidar og får gjort mykje, er det sosiale klart viktigast. Kaffi- og matpausen frå kl. 12.00 til 12.30 er nærmast heilag å rekne. Foto: Erik K. Heimdal 

Nyhende

– Seniorgruppa vart starta opp for 4–5 år sidan, i utgangspunktet av gamle fotballspelarar som hadde byrja å bli pensjonistar, fortel Harald Møller, leiar i Hareid IL si seniorgruppe.