Bør frivillige sleppe byggjegebyr?

Gebyr: Ingebjørn Grimstad (Framstegspartiet). 

Nyhende

Då Hareid formannskap skulle godkjenne gebyrforskrift for plan- og bygningslova foreslo Ingebjørn Grimstad (Frp) at frivillige lag og organisasjonar får sleppe å betale gebyr. Dette støtta Annika Brandal (V) om dei kunne vedta det. Ordførar Bernt Brandal (Folkelista) spurte om det var mogleg. Jau, kommuneleiar Kai Rune Bjørke sa at det er mogleg juridisk, men det var vanskeleg å svare på kor mykje det vil utgjere økonomisk.