Utsette saka om Holstad byggjefelt

For mange uavklara spørsmål

Hareid formannskap vil ha meir fakta på bordet før dei tar stilling til kva kommunen gjer vidare med nytt byggjefelt på Holstad.

Spørsmål: Ragnhild Nedrelid (Arbeidarpartiet) hadde mange spørsmål til kostnadene av utbygginga. Formannskapet har fått presentert fleire ulike tal, der det var vanskeleg å sjå samanhengen mellom tala. Nedrelid meiner det er ein del utgifter med utbygginga som ikkje er tatt med i tala. Om kommunen ikkje tar det til sjølvkost, men sponsar tomtene, vil det vere konkurransevridande mot private utbyggjarar, og det vil ho ikkje vere med på. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Administrasjonen ber kommunepolitikarane om ei avklaring om vegen vidare for prosjektet med nytt bustadfelt på Holstad.