Samferdselsministeren vil snakke med kystfylka

Samferdselsminister Jon Georg Dale vil snakke med kystfylka for å finne ut om finansieringa av ferjetilbodet er godt nok. Foto:   Foto: Lise Åserud / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal meiner ferjetilbodet er for dyrt til at fylket kan drifte det sjølv. Samferdselsminister Jon Georg Dale vil no snakke med kystfylka.

Ferjetilbodet i dei ulike fylka på kysten er ikkje godt nok finansiert, meiner leiaren i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Kristin Sørheim. Ho meiner staten ikkje har gitt nok pengar til tilbodet, skriv NRK.

– Det gjer at fylket må bruke meir pengar på drift enn det dei har råd til, seier ho.

No vil samferdselsminister snakke med fylka på kysten for å finne ut om finansieringa av ferjetilbodet er godt nok.

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har vedteke å avvente ein prisauke på ferjene i håp om meir pengar i statsbudsjettet. Dette må skje innan 14 dagar dersom ein skal unngå ein auke på èin takstsone som fylkesrådmannen har foreslått for å spare pengar.