Sintef åtvarar mot bygging av peparkakehus utan kunnskap

Sintef tilrår å planlegge godt før ein startar peparkakehusbygginga i år. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK  Foto: Gorm Kallestad

Nyhende

Grundige førebuingar er naudsynt når ein skal steikje og setje saman peparkakehus. Sintef åtvarar på humoristisk vis mot å byggje utan kunnskap.

Ein vanleg feil ved peparkakehusbygging er at ein håper problema forsvinn medan ein byggjer. Det gjer dei ikkje, skriv Sintef på nettsidene sine.

– Det er for eksempel for seint å finne ut at måla ikkje passar etter at kakeelementa er steikte. Det er utfordrande nok å behalde forma frå deig til ferdig steikt element, om ein ikkje i tillegg skal endre forma på grunn av mangelfull prosjektering, seier seniorrådgjevar Anders Kirkhus i Sintef.

I rettleiinga Spiselige byggverk – Pepperkakehus kan du finne fleire gode råd om planlegging og utføring av peparkakehusbygging.