5000 kroner for unødig utrykking

Nyhende

Hareid formannskap slutta seg samrøystes til tilrådinga om at unødige brannalarmar skal straffast med eit gebyr på 5000 kroner frå neste år.

Men dei fekk med ei presisering om at dette gjeld alarmar som fører til utrykking. Om ein får stoppa brannvesenet før dei rykker ut, bør ein sleppe å betale, vart det sagt på formannskapsmøtet.