Gler seg til Miljøgata opnar

Gler seg: Kommunegartnar Marit Ulvestad gler seg til fredag, då det blir julegrantenning, fakkeltog og tenning av dei spildrande nye julelysa gjennom Miljøgata. 

Nyhende

I morgon, fredag, blir det både julegrantenning i Parken med hornmusikk og appell ved ordføraren, deretter tenning av dei nye lysa i Miljøgata og fakkeltog til kyrkja der det blir adventsstund med julespel og song av Hareid barnekantori. Kommunegartnar Marit Ulvestad synest alt dette er stas.