Miljøveke på barneskulen

Ein gjeng med andre- og sjetteklassingar frå Ulsteinvik barneskule var innom lokalavisa torsdag.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Torsdag formiddag fekk Vikebladet Vestposten ein veldig kjekk gjeng på besøk: andre- og sjetteklassingar frå Ulsteinvik barneskule kom innom lokala og delte ut peparkaker og sjølvlaga papirhjarte med gode ord.

Dei kunne fortelje at dei allereie hadde vore innom Ulstein rådhus i same ærend.

To andre grupper hadde vore på Amfi og Blåhuset, og opplegget er ein del av miljøveka som er på barneskulen.