Røykvarslarar bergar mellom ti til femten liv kvart år

Røykvarlarens dag: Belinda Selvåg, Stefan Hansen, Lisbeth Brevik Nesse, Aileen Tarberg og Ida Strandheim Pedersen arbeider alle ved Møretrygd sitt kontor i Ulsteinvik. 

Nyhende

I morgon, fredag 29. november set Møretrygd søkjelyset på branntryggleik i heimen, og inviterer til røykvarslaren sin dag ved Møretrygd sitt kontor i Ulsteinvik.

– Brann kan førebyggast, og røykvarslarar reddar kvart år mellom ti til femten liv. Men då må røykvarslarane ha batteri som verkar, seier Lisbet Breivik Nesse og Fred Hansen ved Møretrygd.

Dei fortel at Møretrygd dei siste åra har brukt Røykvarslerens dag, 1. desember, til å dele ut batteri til røykvarslarar.

– Det gjer vi saman med gode råd om branntrygging. Sidan 1. desember i år er på ein søndag, markerer vi denne fredagen før. Det viktigaste for Møretrygd er å drive førebygging, og dersom vi kan forhindre brann eller få stoppa ein brann før den utviklar seg, så sparer vi folk for store tap, både menneskelege og materielle, seier salsleiar Fred Hansen.

I år vil det også bli markering ved Møretrygd sitt salgskontor i Ulsteinvik som vart opna i januar i år. Det er Lisbeth Breivik Nesse er leiar ved kontoret i Ulsteinvik.

– I fjor var det veldig mange som var innom kontora våre. Dei fekk både gratis batteri og informasjon om brannførebyggjande tiltak. Vi vil gjere ein innsats for å informere folk om ulike brannrisikoar og korleis ein kan førebyggje brann i heimen. Dei siste åra har det kome til mange nye elektriske apparat som til døme mobiltelefonar, nettbrett og PC-ar, og desse siglar opp som nokre av dei hyppigaste brannårsaker i norske heimar. Ein skal heller ikkje gløyme ungdomsromma. Desse har faktisk vorte dei største brannfellene i heimane. Vi som jobbar innan forsikring ser at kundane set pris på informasjon om førebyggjande tiltak. Å hugse å skifte batteri i røykvarslaren er eit enkelt tiltak som kan redde liv, seier Fred Hansen.

– Vi ser diverre at brannforebygging har vorte nedprioritert innan forsikringsbransjen dei seinare åra. Vi trur likevel at forsikringskundane vil ha slik type informasjon, og difor markerer vi i Møretrygd denne dagen, seier Fred Hansen og Lisbeth Brevik Nesse som håper mange vil stikke innom Møretrygd sitt kontor i Ulsteinvik i morgon, fredag.