– Uforståeleg at ein vel å sage av den tjukkaste greina ein sit på

Ulstein kommunestyre ber fylkestinget gjere om vedtaket i fylkesutvalet om å leggje ned TAF-linja ved Ulstein vidaregåande skule.

Ulstein vidaregåande skule: Ulstein kommunestyre seier i ein fellesuttale at dei forventar at fylkestinget gjer om vedtaket i fylkesutvalet og sikrar at TAF-tilbodet ved Ulstein vidaregåande skule vil halde fram. 

Nyhende

Ulstein kommunestyre samla seg på siste møte om ein fellesuttale der dei gir uttrykk for at dei er sterkt uroa over vedtaket i fylkesutvalet om å leggje ned TAF lina ved Ulstein vidaregåande skule.

«TAF-tilbodet er eit lite men svært viktig tilbod til elevar og næringslivet i vår region. TAF er eit unikt tilbod som gjev elevane ein kombinasjon av yrkesutdanning og studiespesialisering», heiter det i uttalen som vart fremja av ordførar Knut Erik Engh.

I uttalen vert det peikt på at omstillingane i næringslivet dei siste åra har gjort det utfordrande å ta inn lærlingar. «Mykje tyder no på at næringa er i ferd med å reise seg att, og at behovet for ny arbeidskraft med rett kompetanse vil auke kraftig i åra som kjem», vert det poengtert.

Det vert peika på at havromsnæringane er eit stort satsingsområde og at dette på sikt vil vere den viktigaste vekstnaringa for landet vårt.

«Ulstein kommunestyre har forståing for at fylket må spare pengar, men meiner det er uforståeleg at ein vel å sage av den tjukkaste greina ein sit på. Det næringslivet og kommunane treng er politikarar som er visjonære, og som bakkar opp eit næringsliv som framleis har store utfordringar», heiter det i fellesuttalen frå Ulstein kommunestyre.