– Kommunen har ikkje betalt husleige på 30 år

Stiftinga Bjørndalsfondet, som eig Bjørndals Minne i Ulsteinvik, meiner at kommunen bør syte for nok pengar til å halde bygget ved like. Ikkje minst på grunn av at kommunen aldri betalte husleige dei tretti åra biblioteket heldt til her.

Bjørndals Minne vart sett opp i 1953 og er i nyklassisistisk stil. Frå 1978 til 2018 heldt folkebiblioteket til her. 

Nyhende

– Helt frå biblioteket flytta inn i 1978 og fram til dei flytta inn i Ulstein Arena i 2018, har det ikkje vore betalt husleige til stiftinga, sa Olav Sæter i styret for Bjørndalsfondet. I eit innlegg under «Open talarstol» på kommunestyremøtet 28. november oppmoda han om at kommunen yter midlar til å halde bygget forsvarleg i stand. Eller at dei kjøper heile bygget til takst.