Arbeidsløysa nær halvert i Ulstein siste året

Nyhende

Arbeidsløysa på Søre Sunnmøre har gått kraftig tilbake det siste året i følgje statistikken frå NAV i Møre og Romsdal. Dei siste 12 månadane har talet på arbeidsledige blitt redusert med 23,4 prosent i dei sju kommunane. Både i Hareid og i Ulstein har nedgangen vore stor frå utangen av november i fjor til samme tidspunkt i år.

Hareid har redusert talet på ledige med 26 prosent i løpet av perioden, noko som er ein nedgang på 27 personar. Den siste månaden har talet stige med sju personar og Hareid har no 77 personar som er heilt utan arbeid, 42 menn og 35 kvinner. Med ei arbeidsløyse på tre prosent ligg Hareid i toppsjiktet i fylket, berre slått av Sande som har ein arbeidsløyseprosent på 3,1.

Ulstein har større grunn til å vere nøgd. Her har talet på ledige gått ned heile 47,9 prosent det siste året. Det er 79 færre ledige i Ulstein no enn for eitt år sidan og arbeidsløyseprosenten er den samme her som snittet for heile fylket, nemleg 1,9 prosent. Talet på ledige har gått ned med 26 personar den siste månaden og Ulstein har no 86 innbyggjarar som er heilt utan arbeid, 53 menn og 33 kvinner.

Også i Herøy har talet på ledige gått ned. Der er det i alt 125 ledige, noko som er ein nedgang på 125 personar i løpet av dei 12 siste månadane. 71 menn og 54 kvinner er heilt ledige i Herøy og kommunen kan notere seg ein arbeidsløyseprosent på 2,7.

Som nemnt er Sande den kommunen med høgast arbeidsløyseprosent i fylket ved utgangen av november, 3,1 prosent. Dette talet er likevel temmeleg stabilt, ettersom talet på ledige berre er redusert med fire personar det siste året og auka med ein person den siste månaden. Dette tilsvarer totalt 40 sandssokningar, 24 menn og 16 kvinner.

I Vanylven er arbeidsløyseprosenten nede i 1,7, noko som faktisk er ein auke sidan i fjor. Det er åtte fleire ledige i Vanylven no enn for eit år sidan og 4 fleire enn for ein månad sidan. I alt er 27 vanylvingar utan arbeid, 18 menn og 9 kvinner.

NAV fortel i si fylkesoversikt at det i november er 2 619 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 1,9 prosent av arbeidsstokken. Det er ein nedgang i arbeidsløysa på 12,8 prosent, samanlikna med same månad i fjor. I landet er 59 457 registrert som heilt ledige. Det utgjer 2,1 prosent av arbeidsstokken, ein nedgang på 4,8 prosent.

– Når vi korrigerer for normale sesongvariasjonar ser vi at arbeidsløysa i Møre og Romsdal har vore stabil den siste månaden, med ni fleire registrert som heilt ledige. Dette er tilnærma lik utviklinga i resten av landet, seier direktør Stein Veland i NAV Møre og Romsdal.

– I november 2019 har vi 908 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 44 fleire enn i november 2018. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3 527 personar i vårt fylke, avsluttar han.