– Gi kvarandre ei hand å halde i

– Tenn eit lys og gi kvarandre ei hand, var oppmodinga frå soknepresten for adventsida. Søndag vart det tent mange lys, mellom anna dei som er i juletreet på Rådhusplassen i Ulsteinvik.
Nyhende

Sokneprest Margit Lovise Holte fortalde at ho sist natt hadde gjort noko ho aldri hadde gjort før. Då hadde ho nemleg overnatta i kyrkja saman med ein gjeng elleveåringar under «Lys vaken».