Mangfaldig årsskrift frå Hareid Historielag

Etter nokre års pause er Hareid Historielag på ny ute med ei ny utgåve av «Ei tid va’».

Skribent: Fire artiklar i årets utgåve av Hareid Historielag sitt årsskrift «Ei tid va’» er signer Asle Geir Widnes Johansen. 

Nyhende

Siste gong Hareid Historielag var ute med årsskrift var i 2016. Året etter gav historielaget ut jubileumsbok i høve at Hareid fylte 100 år som eigen kommune i 2017. Boka var ført i pennen av Asle Geir Widnes Johansen.

Widnes Johansen er ein av dei trottigaste skribentane i årets utgåve. Han har skrive fire av dei 18 artiklane i heftet.

Mellom anna har han skrive om satirebladet «Fotbladet» som vart gitt ut av Hareid IL kvar 17. mai gjennom ein periode på 38 år.

– Eg meiner eg har vore sakleg i framstillinga mi, seier artikkelforfattaren.

Bladet er no lagt ned, etter at utgjevarane vart kritiserte av fleire som følte seg mobba av bladet. Avisa Dagbladet hadde i 2017 ein fem sider lang reportasje om «Bygda som frykter 17. mai».

– Eg har sjølv blitt hengt ut i Fotbladet den tida eg var lokalavisredaktør. Det måtte eg berre tole. Men bladet tok i stadig større grad til å gjere narr av folk som ikkje hadde søkt seg mot makt og det å vere i søkelyset. Dei tok til å sparke nedover og sjølv tykkjer eg at kvaliteten på Fotbladet vart dårlegare og dårlegare på slutten, seier Widnes Johansen som ikkje ser på nedlegginga av Fotbladet som eit tap.

Asle Geir Widnes Johansen skriv også om lokale folk som var involvert i Napoleonskrigen og den britiske blokaden av Noreg i desse krigsåra, med utgangspunkt ein artikkel lokalhistorikaren Johan Haddal hadde på trykk i lokalbladet Aarvak i 1920.

Arnfinn Mork-Stordal si teikning av den gamle stavkyrkja på Hareid pregar omslaget og gir eit frampeik til Jon Kåre Mork sin artikkel om då reformasjonen kom til Hareidlandet.

Det er ingen gjennomgåande raud tråd i årsskriftet, men mange av artiklane minner lesaren om Hareid si stordomstid som fiskeri- og fangstkommune. Fleire av desse er det Roger Korsnes som har skrive.

Boka byr også på møter med einskildmenneske, som Betty Håbakk og den siste utvandraren frå Hjørungdal til USA, Arthur Øvrelid, sistnemnde ført i pennen av Petter Hjørungdal.

Heftet byr også på eit par eldre artiklar frå no avdøde Astrid Holm. Dag Snipsøyr har skrive om korleis kalvar vart til før inseminøren sin tidsalder og Jon Bjørndal skildrar kor det gjekk då far hans, Magnulv, skulle slutte å ete steikt flesk.

Litt samferdselshistorie har det også blitt plass til: Håkon Eliassen skriv om brua over Ytredalselva i Brandal. Leiv Arne Grimstad gir også eit lite gløtt inn bak kulissane frå då Vestposten og Vikebladet skulle slå seg saman for 30 år sidan.

Det er Finn Sindre Eliassen som har vore skriftstyrar og Tinde Design & Trykk i Ulsteinvik har stått for den grafiske produksjonen.