Jobbar mot julemesse året rundt

Fredag 6. desember vert det julemesse av godt, gamalt merke på Bygdastova i Ulsteinvik.

Julemesse: Mellom ti og femten damer møtest kvar torsdag for å drive med handarbeid og ha det sosialt og lage varer og gevinstar til den årlege julemessa på Bygdastova. 

Nyhende

Den årlege julemessa på Bygdastova er ikkje av dei største, men til gjengjeld er det vel færre som har lengre handarbeidsrøynsle enn damene som møtest kvar torsdag for å lage varer til julemessa i desember. Her har dei det sosialt og kan utfalde seg med strikking, hekling og andre handarbeidsaktivitetar. Mellom ti og femten stiller opp kvar gong og felles for dei alle er at dei har husvære i området som er tilknytt Bygdastova.

– Handarbeidsgruppa var tidlegare eit offentleg tilbod, men dei siste par åra er det ei gruppe frivillige som har overtatt ansvaret, fortel soneleiar Gunn Hofset.

Ei av desse frivillige er Mary Runde Breivik.

Ho fortel at det er litt av kvart som vert lagt fram for sal under messa komande fredag, som til dømes lestar, vottar, lappeteppe, og genserar.

Den som likar å leve litt farleg kan bruke pengane sine på tombolalappar og er ein heldig kan ein velje ein gevinst frå ein sekk. Ei loddbok har også blitt sendt rundt, og her er toppgevinsten ein dokkegarderobe.

Pengane som kjem inn på messa går til trivselstiltak og då helst i form av ein busstur eller to i året, eller ein tur ut på middag.

– Når vi reiser på tur leigervi ein buss og vi har vore på dagsturar mellom anna til Sæbø, Norangsdalen og Stryn, fortel Breivik.