Kan bli glatte vegar

 

Nyhende

Yr.no melder ein del regn, og på grunn av kald eller snødekt bakke kan det fort bli is og glatte vegar. Dei rår bilistane til å vere merksame, isen kan vere vanskeleg å sjå. Gåande bør vurdere å finne fram broddar, og køyrande bør køyre etter forholda, bruke rett dekk og rekne seg god tid. Det er gult farenivå for heile Vestlandet. Faren skal vere over tysdag føremiddag.

– Er du usikker på å køyre når det er ekstra glatt, vurder å la bilen stå, seier senior kommunikasjonsrådgiver Nils Sødal i NAF i ei pressemelding.

Om du glir og ramlar på isen eit par gonge rpå veg bort til bilen, er det grunn til å la bilen stå, meiner NAF.

Vidare melder Varsom.no om stor snøskredfare på Sunnmøre tysdag. Det er raudt farenivå, som er definert som ekstrem fare. Dei vil ikkje tilrå folk å ferdast i skredterreng. Skred kan treffe skredutsette vegar og busetnad.