Furene AS kan vise til nokre av landets beste tal når det kjem til å få personar ut i arbeid igjen - men:

– Dei som står lengst unna arbeidslivet får det berre tøffare med å kome tilbake i jobb

Må også satse på dei «usynlege»: Eldor Skeide, administrerande direktør i Furene AS, trur at samfunnsutviklinga gjer at det kan bli veldig tøft for stadig fleire av dei som står lengst unna arbeidslivet å kome seg ut i arbeid igjen – dersom ikkje verkemiddelapparatet rundt dei blir satsa meir på.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

– Dette er ei ganske stor gruppe menneske, som står lengre unna arbeidslivet enn andre. Som anten har vore ute av det lenge, og som følgje av det slit med å kome tilbake – eller som grunna samansette utfordringar ikkje kan gå inn i ein ordinær jobb utan god tilrettelegging. Denne gruppa hamnar utanfor den ordinære arbeidsløysestatistikken, fordi dei ikkje er ordinære arbeidssøkjarar per dags dato, seier Eldor Skeide, administrerande direktør i Furene AS.