Innbyggjarundersøking

– Ta deg ti minutt

Ulstein kommune ønskjer tilbakemelding frå innbyggjarane sine om kva dei meiner om staden dei bur.

ti minutt: Monica Torp og Svein Arne Orvik oppmodar alle innbyggjarane i Ulstein til å ta seg ti minutt i desember for å svare på undersøkinga. Du har frist på det til 15. desember. – På ti minutt rekk du å seie meininga di om eit breitt spekter av tilbod frå kommunen, seier Torp. Det er ikkje meininga at ein skal sitje å filosofere lenge over kvart svar, men svare det som fell ein inn. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Det er to år sidan Ulstein kommune spurte innbyggjarane sine sist. Hareid utførte ei tilsvarande undersøking i vår, og Herøy har også gjennomført denne undersøkinga. No er Monica Torp (kommunalsjef organisasjon og utvikling) og Svein Arne Orvik (leiar for demokrati og kommunikasjon) spente på kva innbyggjarane i Ulstein meiner, og om ein kan sjå ei utvikling frå kva dei meinte for to år sidan.