Har lagt ut kondolanseprotokoll

Nyhende

- Den som ønskjer å skrive ei siste helsing til avdøde Ragnar Ulstein, kan gjere dette i kondolanseprotokollen vi har lagt ut i Ålesund Rådhus, opplyser Jan Lund i Norges Veteranforbund Internasjonale Operasjoner Sunnmøre.

Krigsveteranen, historikaren og forfattaren Ragnar Ulstein døydde tysdag 3. desember.

Han var fødd i Ulstein i 1920.

Protokollen vil ligge framme på rådhuset til den 12. desember.