Sterke vindkast, regn og torden

illustrasjonsfoto  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Det bles godt ute no, og verre skal det bli. I følgje yt.no er vindstyrken i Eiksund og på Flø 15 m/s, Hjørungavåg 13 m/s og i Brandal 10 m/s. Utover natta skal det friskne til. Verst blir det i seks-tida på morgonen, med vindstyrkar på Hareidlandet på 18-19 m/s.

Det er meldt kraftige vindkast torsdagen, oppe i 30-35 m/s frå sørvest.

Det kan vere lurt å sikre lause gjenstandar og unngå unødig ferdsel på utsette stader. Faren for kansellerte avgangar med ferje og fly er stor. Det kan også vere bruer som blir stengt.

Førebels er det ikkje meldt om innstilte ferjer eller hurtigbåt i nærleiken, men i Kristiansund er båten til Trondheim i morgon tidleg innstilt pga at det er meldt så dårleg vêr.

Straumforsyninga kan også bli påverka, om det bles tre over straumforsyningar. Så det kan nok vere lurt å lade mobiltelefonen. Frå klokka tolv i morgon vil vinden bli rolegare, men han vil vere nokså sterk nokre timar til.

Farenivået er på gult, som står for moderat fare.

I sju-åtta-tida torsdagsmorgonen er det meldt torden og lyn.