Ulstein SV kjempar for "TAF-linja"

Elin Pedersen gir Anders Lindback eit raudt glashjarte med teksten: "SV vil ha vidaregåande skule for dei mange, ikkje for dei få", som takk for innleiinga.  Foto: Ingrid Opedal

Nyhende

Tysdagskvelden hadde Ulstein SV møte, der temaet var "TAF-linja", eller YSK Industriell produksjon, som den no heiter. Fylkesrådmannen har foreslått å kutte denne linja i vidaregåande skule for å spare pengar. For å innleie om dette temaet kom Anders Lindbeck, fylkestingsrepresentant for SV og medlem i Utdanningsutvalet.

– Målet med møtet var sjølvsagt å formidle kor viktig dette tilbodet er for Ulstein-samfunnet, seier Elin Pedersen, leiar i Ulstein SV, i ei pressemelding. Håpet hennar er at fylkestinget skal greie å berge det.

Med bakgrunn i klimautfordringane og ei oljenæring ein veit er på hell, tek SV til orde for ein «Ny grøn deal». Omstillinga frå oljerelaterte næringar til fornybar- og 0-utsleppssamfunnet, krev eit tett samarbeid mellom utdanning og næringsliv, meiner SV. – Vi trur den maritime klynga på Ytre Søre Sunnmøre kan spele ei viktig rolle her, men då må ein sikre kompetent arbeidskraft med både praktisk og teoretisk kunnskap, meiner Pedersen. Ho meiner YSK-tilbodet gjer nettopp det.

YSK står for yrkes- og studieførebuande kompetanse, og er eit fireårig løp der elevane får både fagbrev, praksis i bedrift og studiekompetanse. Søkjartala har teke seg opp siste året, og skulen arbeider for lærlingavtalar gjennom MAFOSS-systemet.

Lindbeck hadde ingen problem med å sjå verdien av dette tilbodet, men kunne ikkje kome med lovnader over bordet. SV er avhengige av kva dei andre partia i fylkes-fleirtalet kjem fram til. Han lova å ta med bodskapen, inkludert konstruktive innspel frå lokallaget, attende til gruppa, og takka for engasjementet Ulstein SV viser.

Lindbeck viste til slutt til Nordøyvegen, som er ei hovudårsak til den kriseramma fylkesøkonomien, og minte om at SV stemde imot. – Likevel valde fleirtalet å gå inn for denne, og vi må diverre alle leve med følgjene av det, avslutta han.