Avløpsvatn frå bilvasking har gått rett i Sauneselva

Ulstein kommune ser alvorleg på at politiet i Ulsteinvik har brote forureiningslova.

Ulstein og Hareid lensmannskontor har i mange år vaska tenestebilane her på plassen utanfor garasjen. No viser det seg at avløpsvatnet går ned i Sauneselva. – Eg set pris på at vi vart gjort merksame på dette, seier lensmann Hans-Eirik Pettersen. Viss bilvaskinga skal halde fram, må kummen til venstre i bildet koplast på det kommunale kloakknettet.   Foto: Linda Eikrem

Slik forureining kan få store konsekvensar for det biologiske livet i elva

Arild Støylen, Ulstein kommune
Nyhende

– Vi har ved fleire høve registrert utslepp av oljehaldig avløpsvatn frå Ulstein og Hareid lensmannskontor, seier Arild Støylen, som er ingeniør i byggesak/miljøvern i kommunen.