Hurtigbåten er innstilt

Nyhende

Hurtigbåten mellom Hareid-Valderøya og Ålesund vart innstilt onsdag morgon frå klokka 06.45 og inntil vidare.

Årsaka er dårleg vêr, melder reiarlaget Boreal.

Tysdag kveld melde både Fjord1 og Vegtrafikksentralen at to avgangar med ferja frå Sulesund og to frå Hareid blir innstilte onsdag morgon.

Bakgrunnen for dette skal vere tekniske problem. Det var også problem tysdag, men då vart ei MF Hjørundfjord flytta frå Festøya – Solavågen og over på Hareid – Sulesund ein periode.

Avgangane som var innstilte onsdag er 06:20 og 07:20 frå Sulesund, 06:50 og 07:50 frå Hareid.