Kystopprør mot høge ferjeprisar

45 ordførarar frå heile landet har skrive under på eit opprop der dei ber staten om å innføre maksprisar på ferjereiser. Men samferdselsministeren er usamd

45 ordførarar frå kommunar langs heile kysten har skrive under på eit opprop mot dei høge ferjeprisane som har byrja gjelde frå nyttår. Dei meiner staten må innføre makspris på ferjereiser, noko samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) er skeptisk til. Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK 

Nyhende

Både i Nordland og Møre og Romsdal – fylka som har flest ferjesamband – har ferjetakstane auka kraftig frå nyttår. I Nordland – som har 28 ferjesamband – har prisane auka med mellom 20 og 40 prosent, fortel NRK.

Prisaukane gjeld òg andre stader i landet, som i Troms og Finnmark, i Rogaland og elles på Vestlandet.

Ordførar Bernt Brandal i Hareid kommune i Møre og Romsdal seier at prisane no har vorte så høge at folk må flytte.

– Staten må inn og leggje føringar. Det må setjast ein makspris for kor mykje ein kan krevje frå oss som reiser, seier han.

Dale vil ikkje detaljstyre

Dei 45 ordførarane, som kjem frå Rogaland i sør til Finnmark i nord, møter likevel lita forståing hos samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp). Han meiner det er fylkespolitikarane som har ansvaret, ikkje staten, og avviser at han kan leggje føringar på prisnivåa.

– Å detaljregulere korleis fylkeskommunen skal regulere takstsonene sine kan ikkje eg gjere. Når det er fylkeskommunane som har ansvaret, så må dei ta det ansvaret. Det er dei som gjer prioriteringane, seier Dale.

Kutt i overføringane

Mange fylkespolitikarar meiner likevel at dei ikkje får nok pengar frå staten for å drifte ferjetilbodet.

Fylkesrådsleiar Tomas Norvoll (Ap) i Nordland seier til NRK at Nordland får 486 millionar kroner mindre frå staten dei tre næraste åra.

– Vi har fått mindre pengar enn vi fekk før. Viss vi skal bruke meir pengar på å drive ferje, må vi kutte andre stader, seier han.

– Dei rødgrønes skuld

Til Skipsrevyen seier statssekretær Allan Ellingsen (Frp) i Samferdselsdepartementet at det er dei rødgrønes prioriteringar som er årsaka til prisane.

– Det er folket i val som har ønskt at det er dei raudgrøne som skal styre Nordland fylkeskommune og dei gjennomfører dei prioriteringane som dei ønskjer. Dermed er det òg dei som gjer det vanskelegare for folk å bu langs kysten, seier Ellingsen.

Han seier Nordland fylkeskommune har prioritert kollektivtransport i bysentera framfor å styrkje ferjetilbodet.