Straumen var vekke i Hareid

Nyhende

Oppdatering 16:25: Ifølgje Mørenett er den eine feilen i straumnettet i Hareid retta. Det skal no berre vere eit område i Hjørungavåg (Jomsvoll/Hjørungneset) som framleis er utan straum.

Ifølgje Fjord1 har straumstansen også fått konsekvensar for ferjene. Dei melder at ein må rekne med forseinkingar på Hareid - Sulesund, sjølv om straumen no er tilbake i området.

Fleire område på Søre Sunnmøre er utan straum onsdag ettermiddag. Mørenett har registrert straumbrot i Hareid, Vanylven og i Dalsfjorden i Volda.

På Mørenett si oversikt over straumstansar viser det to feil i straumnettet i Hareid kommune. Mørenett melder at dei jobbar med saka.

I ei av dei to feilmeldingane frå Hareid skriv Mørenett at dei har byrja omkopling.

Totalt skal over 1800 straumkundar på søre Sunnmøre vere råka.

Har du tips? Send inn til redaksjon@vikebladet.no