Katastrofe vart suksess

Katastrofefilmen «Tunnelen» og Disneyfilmen «Frost 2» var dei store favorittane ved Sjøborg kino i romjula.

Tunnelsyn: Mange lokale kinogjengarar fekk med seg den norske spenningsfilmen «Tunnelen» i desember. 

Nyhende

– Vi selde fantastiske 3600 kinobillettar i desember og hadde fulle salar i samband med visninga av den etterlengta «Frost 2» frå Disney og den norske spenningsfilmen «Tunnelen». Dette var dei to publikumsfavorittane denne jula, fortel kinosjef Kristine Brungot ved Sjøborg kino.

Ho fortel at dei kan sjå tilbake på eit bra år for Sjøborg kino.

– Dei gode besøkstala i desember og dei nye kinostolane som vart tekne i bruk, markerer dei to største høgdepunkta ved Sjøborg kino i 2019, seier Brungot.

I året elles var det desse ti filmane som hadde dei aller beste besøkstala i året som gjekk:

1. Snekker Andersen og Julenissen: Den vesle bygda som gløymde at det var jul

2. Løvenes Konge (2019)

3. Frost 2

4. Star Wars: The Rise of Skywalker

5. Amundsen

6. Kaptein Sabeltann og Den Magiske Diamant

7. Last Christmas

8. Spider-Man: Far from Home

9. Askeladden – I Soria Moria slott

10. Joker

– Vi er allereie godt i gang med kinoåret 2020. Det er framleis «Tunnelen» og «Frost 2» som trekkjer aller mest folk, men det er mange nye filmar å gle seg til no i januar og februar, lovar Kristine Brungot. Ho fortel at er kjem Oscar-favorittar på løpande band, som «The hidden life», den sanne historia om den austerrikske bonden som nektar å sverje truskap til Adolf Hitler og Det tredje riket og må ta konsekvensane av dette, regissert av Terrence Malick, krigsfilmen «1917» i Sam Mandes sin regi og nyinnspelinga av klassikaren «Little Women».

– Eg må også nemne den sterke dokumentaren «Selvportrettet» om Lene Marie Fossen som har premiere 19. januar. Det vert også mange fine familiefilmar framover. Ein av dei vi ser mest fram til å vise er «Flukten over grensa», basert på boka til Maja Lunde. Elles veit vi at mange gler seg til James Bond «No Time To Die», med premiere 3. april. Dette vert ei storslegen avslutning på Daniel Craig si karriere som James Bond.

I løpet av våren tek vi dessutan sikte på å halde fram med babykinovisningar, noko som har vist seg å vere veldig populært. I tillegg er det planar om å få «formalisert» dagkinovisningar ein fast dag kvar månad. Her er det «godt vaksne» kinopublikummet hovudmålgruppa, fortel Kristine Brungot.