Tiltalt for vinningskriminalitet

Mannen må møte i Søre Sunnmøre tingrett i Volda.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Ein mann frå Volda er tiltalt for ei lang rekkje lovbrot, fleire av dei skal ha skjedd i Hareid og Ulstein.

Ifølgje tiltalen tok mannen seg inn i to garasjar på Hareid i august 2018. Begge stadene vart han oppdaga før han rakk å stele noko.

Han er også skulda for fleire tjuveri. I Ulsteinvik i juni i fjor skal han ha stole ein bag med klede, PC, tv, stereoutstyr.

Han er også tiltalt for å ha brote seg inn i ein bil i Gjerdegata og stole mellom ei lommebok.

Mannen, som er i slutten av 40-åra, må i tillegg svare for ei rekkje andre lovbrot i Volda og Ørsta når saka mot han kjem opp Søre Sunnmøre tingrett.

Mellom lovbrota er ruskøyring, tjuveri frå eit apotek i Ørsta og køyring utan førarkort.