– Aktuell problemstilling på fleire av sambanda i fylket

Sakene i tysdagsavisa om høgt sjukefråvær og arbeidspress på ferjesambandet Hareid-Sulesund har vekt reaksjonar.

Hareid-sulesund: Sjukefråværet er høgt og arbeidspresset er stort på ferjene som går mellom Hareid og Sulesund, ifølgje tilsette. Illustrasjonsfoto: Ole-Ottar K. Høgstavoll 

Nyhende

Ein tilkallingsvikar i Fjord1, som har sin arbeidsstad ein heilt annan plass i Møre og Romsdal, kontakta Vikebladet Vestposten då vedkomande las sakene om at sjukefråværet og arbeidspresset på ferjene i sambandet Hareid – Sulesund er stort.