Hareid sokn er klare til å fylle kyrkjelydshuset

- Huset skal bli fylt opp med aktivitetar både på dag- og kveldstid, seier kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog.

Nytt kjøkken – frå v.: Leidulv Ø. Grimstad, Barbro Landmark, Ida Teige, Heidi Pedersen Kvalsvik, Arild Grimstad (bak), Eli Sølvi Jønsson, Lidvar Grimstad, Kjell Arne Utgård (framme), Anvor Sukka og Bente Andreassen Pilskog har gjort dugnadsarbeid på kjøkkenet. Det same har Svanhild og Leidulv Hareide, som ikkje er med på bildet. 

Nyhende

Hareid sokn tok over Hareid bedehus i slutten av oktober i fjor, og no har dei tilsette ved kyrkjekontoret, pluss mange frivillige, starta arbeidet med å rydde og renovere bygget, slik at det skal stå fram som eit velfungerande kyrkjelydshus.