Løyste julekonkurransen heime i sofakroken

Lars Sellereite frå Hjørungavåg drog mellom anna vekslar på si tidlegare karriere som yrkessjåfør og løyste alle geografinøttene i julekonkurransen heime i stova.

VINNAR: Lars Sellereite frå Hjørungavåg vart ein av dei tre vinnarane av Vikebladet Vestposten sin julekonkurranse og fekk overrekt eit spekeskjøtlår av redaktør Linda Eikrem. 

Nyhende

– Nei, kor fantastisk. Dette var hyggeleg, seier Lars Sellereite i Hjørungavåg då vi tek kontakt med han for å fortelje at han er trekt ut som ein av vinnarane i den årlege julekonkurransen «Kvar i Hareid og Ulstein?» som stod på trykk i avisa på sjølvaste julaftan.

– Det provar både at lokalkunnskapen og den moderate kjennskapen eg har til teknologi har vore tilstrekkeleg, konkluderer Sellereite som tidlegare har nytta seg av brevpost dei gongane han har delteke i konkurransen. Dette var første gongen han sendte inn svara elektronisk.

Mange nyttar høvet til å ta ein biltur rundt om i Hareid og Ulstein for å få stadfesta svara sine, men Sellereite, som er tidlegare yrkessjåfør, fortel at han løyse konkurransen heime i stova.

– Eg måtte rett nok ringe ein kamerat for å få litt hjelp med nokre av oppgåvene. Denne konkurransen er noko vi ser fram i mot kvar jul, den er med på knyte familie og vener tettare saman, seier Lars Sellereite.

Gler seg til julekonkurransen

– Kor bra!

Vinnar nummer to er også frå Hjørungavåg. Tonje Holstad vert overraska når avisa ringer for å fortelje at ho er mellom vinnarane og fortel at denne konkurransen er noko ho gler seg til kvar jul.

– Denne konkurransen er noko som høyrer jula til. Det var ikkje så lett i år, særleg var nokre av bileta frå Ulstein og Skeide litt vanskelege, innrømmer ho. Men med litt bilkøyring og hjelp frå Google kom ho fram til dei rette svara.

Det er første gongen ho har sendt inn svar, men fortel at lokalavisa sin julekonkurranse er noko ho alltid har engasjert seg i.

Same procedure as last year

– Å nei! Den siste vinnaren høyrest nesten litt lei seg ut då vi fortel at ho har blitt trekt ut som vinnar, men etter at Ina Marie Sæter frå Eiksund har fått summa seg litt, kjem ho med følgjande uttale:

– Jess! No har eg noko å kose meg med.

Ina Marie vart trekt ut som vinnar i fjor også, og no i jula kunne lesarane våre lese om korleis ho og resten av familien hennar går fram for å løyse oppgåvene i «Kvar i Hareid og Ulstein».

72 svar

Denne gongen fekk vi inn i alt 72 svar, noko som er ein nedgang i høve til året før, då vi fekk inn 84 svar. Dei aller fleste har levert svara på e-post, men ti svar er levert personleg og to er sendt i posten.

Her er dei rette svara på julekonkurransen:

1. Hjørungavåg

2. Haddal

3. Ulsteinvik

4. Eiksund

5. Bigset

6. Bigset

7. Hasund / Dimna

8. Dimna / Hasund

9. Hjørungavåg

10. Brandal

11. Brandal

12. Dimna / Hasund

13. Hareid

14. Flø

15. Ulsteinvik

16. Brandal

17. Flø

18. Ulstein / Skeide

19. Skeide / Ulstein

20. Hjørungavåg

21. Eiksund

22. Haddal

23. Ulsteinvik

24. Hareid

25. Bigset

26. Skeide / Ulstein

27. Hareid

28. Eiksund

29. Haddal

30. Flø