Auka skepsis til turistar i pressområda

Det siste året har skepsisen til turistar auka kraftig i pressområda på Vestlandet, i Lofoten og på Svalbard, viser ferske tal.

Isen smeltar i nordområda, men turistane strøymer til som aldri før. Nye tal viser at dei som bur på Svalbard, i fjor var meir skeptiske til turistar enn i 2018. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK  Foto: Håkon Mosvold Larsen

Nyhende

– Nordmenn er generelt positive til turisme, men det har vore ei endring det siste året. Det er fleire no som synest det er litt for mange turistar i Noreg. Viss vi ser på pressområda på Vestlandet, Lofoten og Svalbard, er endringa dramatisk på eitt år, sa fagansvarleg analyse Margrethe Helgebostad i Innovasjon då ho presenterte nøkkeltal for reiselivsåret 2019 på eit pressetreff denne veka.