Færre er misnøgde med breibanddekninga

47 prosent er fornøgde med breibanddekninga der dei bur, viser ei undersøking gjennomført av Sentio.  Foto: Illustrasjon/Unsplash.com.

Nyhende

9 prosent av dei spurde i ei undersøking er misnøgde med breibanddekninga der dei bur. Det er ein nedgang på 5 prosentpoeng frå 2018.

Ei ny undersøking Sentio har gjennomført på vegner av Nationen viser at 47 prosent er fornøgde med breibanddekninga der dei bur, medan 9 prosent av dei spurde er misnøgde eller svært misnøgde.

I ei tilsvarande undersøking i 2018 svarte 14 prosent at dei var misnøgde med breibanddekninga.

Det er folk i det tidlegare fylket Finnmark som er minst fornøgd med breibanddekninga. Her svarer 33 prosent at dei er fornøgde, medan 16 prosent er misnøgde.