Meiner ferjetrafikken kan blir råka av springfloa

Hjørungavåg måndag formiddag.  Foto: Tipsar.

Nyhende

Den varsla springfloa onsdag kan kome til å råke ferjetrafikken, ifølgje redningsleiinga i Møre og Romsdal. Det kjem fram i ei pressemelding frå Møre og Romsdal politidistrikt måndag ettermiddag.

Redningsleiinga hadde møte måndag for å drøfte situasjonen - og kva for tiltak som skal setjast inn.

- Med springflo på det nivået som er varsla, kan vi risikere at ferjene enkelte stader ikkje greier å leggje til kai. Dei som er avhengige av ferje for å nå tak i helsehjelp, bør difor ta kontakt med AMK-sentralen dersom dei fryktar at dei kan få behov for snarleg hjelp, seier stabssjef Kenneth Sætre i Møre og Romsdal politidistrikt etter møtet i redningsleiinga.

Helsesektoren er ifølgje politiet spesielt opptekne av at publikum ikkje må vente for lenge med å ta kontakt.

– Dersom ein ventar for lenge kan handlingsrommet til helsevesenet plutseleg bli for lite, seier Sætre.

Redningsleiinga består av representantar for naudetatane og ei rekkje andre samarbeidande organisasjonar.

- Redningsleiinga ønskjer også å minne dei som har båt liggande på sjøen om å sjekke fortøyingane og å sikre lause gjenstandar. Vidare er det nokre huseigarar som bør setje i verk tiltak mot vassinntrenging, seier Sætre.

Politiet melder elles at springfloa vil vere på sitt høgaste rundt klokka 02.00 natt til onsdag og onsdag klokka 14.00.