Røykutvikling i Hjørungavåg

Nyhende

Politiet melder måndag ettermiddag om røykutvikling frå eit næringsbygg i Hjørungavåg. Brannvesenet er på staden, medan politiet er på veg.

Ifølgje 110-sentralen i Møre og Romsdal rykte brannvesenet først ut grunna ein automatisk brannalarm.

14:25 kom politiet med ei oppdatering. Dei melder at røykutviklinga kjem frå eit el-skap. Personar som har blitt utsette for røyk blir no tatt hand om av ambulansepersonell.

Har du tips eller bilete? Kontakt redaksjonen på redaksjon@vikebladet.no