Regjeringa foreslår eksamen i gym for ungdomsskuleelevar

Dei nye eksamensordningane skal gjelde frå hausten 2020, og første eksamen med nye eksamensordningar blir derfor i 2022.   Foto: Illustrasjon/Thomas Brun/NTB Scanpix/NPK.

Nyhende

Eksamen i kroppsøving, mat og helse, kunst og handverk og musikk kan bli innført for elevar på ungdomsskulen.

Det opplyser kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) til Aftenposten.

– Eksamen i praktiske og estetiske fag kan bidra til å heve statusen til desse faga. Moglegheita for å komme opp til eksamen i desse faga har vore etterlyst frå fleire hald. Samtidig får elevane moglegheit til å vise kva dei kan i fleire fag enn det eksamensordninga i dag gir rom for, seier Sanner til avisa.

Kan komme i 2022

Dei nye eksamensordningane skal gjelde frå hausten 2020, og første eksamen med nye eksamensordningar blir derfor i 2022. Grunnen til at Kunnskapsdepartementet ventar til 2022, er at ein ved implementering av nye læreplanar tar omsyn til dei som allereie går på skulen. Derfor ventar ein med å ta i bruk nye eksamensordningar først til 10. klasse i 2022.

Frå hausten skal det innførast nye eksamensordningar for elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring. Bakgrunnen er dei nye læreplanane som trer i kraft. Tysdag blir forslag til nye ordningar og reglar sende ut på høyring.

I ei pressemelding skriv Kunnskapsdepartementet at dei nye lærarplanane er den største endringa i norsk skule sidan Kunnskapsløftet i 2006.

Vurderer å droppe ordenskarakter

Regjeringa ønskjer òg innspel når det gjeld kor mykje standpunktkarakterar skal bety samanlikna med ein eksamenskarakter på vitnemålet, og dessutan synspunkt på om karakterar i orden og åtferd bør droppast.

– Det er fleire spørsmål der vi ikkje fremjar eit konkret forslag. Her ber vi om innspel og synspunkt på både fordelar og ulemper ved eventuelle endringar. Vurdering og eksamen er tema som engasjerer. Eg ser fram til innspel som gir oss eit godt grunnlag for endelege avgjerder, seier Sanner i pressemeldinga.