- Kanskje kvite bussar til Kvitneset kunne vore noko?

Alle foto: Erik K. Heimdal 

Nyhende

Tysdag kveld vart det arrangert folkemøte på Ulstein bibliotek om Ytre Søre, deriblant Hareid og Ulstein kommune, som reisemål, og korleis ein skal kunne løfte reiselivsnæringa til eit nytt nivå her i området. Oppmøtet viste at det er eit stort engasjement for reiselivet i Hareid og Ulstein, og det var rundt 70 deltakarar på møtet.