Signerte kontrakt for tre ferjesamband

Viseadministrerande direktør Lars Jacob Engelsen i Norled skriv kontrakt med samferdselssjef Arild Fuglseth.   Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Nyhende

I dag signerte Møre og Romsdal fylkeskommune og Norled ASA kontrakt for drift av tre ferjesamband på Ytre Sunnmøre.

Kontrakten gjeld drift av ferjesambanda Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya, Årvika-Koparneset og Volda-Lauvstad. Kontrakten gjeld frå 1. januar 2021 og fram til og med 31. desember 2031.

På sambandet Årvika-Koparneset skal det setjast inn miljøferja frå 2022.

Krevjande økonomi

Kontraktsummen er på om lag 1 milliard kroner. I pressemeldinga frå Møre og Romsdal fylkeskommune kjem det fram at dei må bruke mykje pengar på oppgradering av kaianlegget for sambandet Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya så kaiene kan ta imot nye og større ferjer frå 2025. Dei må også ta nokre investeringar knytt til infrastruktur for miljøteknologi på sambandet Årvika-Koparneset.

Fylket skriv også at dei må redusere driftsnivået framover på grunn av den krevjande økonomiske situasjonen for fylkeskommunen.