Buss i grøfta på Gåsneset

Nyhende

Klokka 17.17 torsdag ettermiddag sende politiet i Møre og Romsdal ut melding via sin Twitter-konto om at ein buss hadde køyrt i grøfta på Gåsneset i Ulstein kommune.

Det var ingen passasjerar i bussen då hendinga fann stad, og det er ikkje meld om skade på sjåføren. Bilberging vart kontakta.