- På tide å stoppe opp og tenke seg om

Knut Erik Engh meiner tida er moden for at Framstegspartiet vurder om dei skal halde fram i regjering eller ikkje. (arkivfoto)  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

I går varsla partileiar Siv Jensen at Framstegspartiet vurderer å bryte ut av regjeringa med Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti. Bakgrunnen var at Noreg hentar heim den 29 år gamle kvinna som er sikta for deltaking i terrororganisasjonen IS. Ho blir henta heim med borna sine, for det eine barnet er sjukt. Jensen har tidlegare uttale at FrP ikkje vil løfte ein finger for å hjelpe kvinna. Dei har sagt at det sjuke barnet kan få kome til Noreg, men ikkje mora.