Sindig kar: Ola Beinnes Fosse har som finansdirektør i Kleven Verft hatt ein krevjande haust. Han rosar familien og kollegaene sine for den støtta dei har vist han. – Eg må også gje ein enorm honnør til alle dei tilsette i Kleven. Utan deira innsats hadde aldri dette salet blitt noko av, seier Ola. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

- Eg har følt på eit enormt ansvar for at vi skal lukkast

Ola Beinnes Fosse har sidan han kom til Kleven Verft vore heilt sentral både i restruktureringane som har vore – og no sist i salet av verftet til kroatiske DIV Group. Han legg ikkje skjul på at han har følt på mykje press og mange forventingar – men han har hatt uvurderleg støtte frå familien og kollegaene heile vegen.