Opnar for å skjenke sterkare drinkar utandørs

Hotellet ønskjer å tilby gjestene sine lik skjenketid, alle dag, ute og inne.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Ulstein kommune har saman med kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ørsta, Volda og Vanylven utarbeidd eit utkast til alkoholpolitisk handlingsplan. Tanken er at kommunane i regionen skal ha ein mest mogleg lik alkoholpolitikk, både av trafikkomsyn og for å få like konkurransevilkår for næringa.