Sundgotmarka barnehage

Billigast å utvide

Administrasjonen rår politikarane til å utvide Sundgotmarka barnehage på eksisterande tomt, då det blir billegast.

Rimelegast: Å utvide Sundgotmarka barnehage reknar administrasjonen med vil vere 13–19 millionar billegare enn å byggje ein ny barnehage i Gjerdsbakkane eller ved Hasund skule. Kommunalsjef teknisk meiner også at dette er det beste alternativet trafikalt. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Ulstein kommunestyre har vedteke å byggje ut kommunen sin einaste kommunale barnehage: Sundgotmarka barnehage. Men det er førebels ikkje bestemt kvar det skal gjerast og korleis.