Bibliotekvennane er 2 år

– Dei er heilt unike

Bibliotekvenane i Ulstein gjer eit viktig arbeid for at Ulstein bibliotek skal vere ope for alle på kveldstid.

Bibliotekvenane: Hallgerd Holt Conradi og Asbjørg Garshol i front organiserer og leiar bibliotekvennane. Ein bibliotekvenn er ein vaksenperson som er til stades siste del av biblioteket si opningstid, men utan bibliotekfagleg ansvar. Bibliotekvennen syter for ro og trivsel på biblioteket. Vakta er på to timar. Dei set opp vaktlister med to på kvart team, men det er ikkje alltid båe stiller. No er det så mange bibliotekvenar at vaktplanen for dei neste fire månadene har kvar bibliotekvenn berre ei vakt i månaden! Men dei har plass til fleire i gjengen. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Det er to år sidan bibliotekvennane på Ulstein bibliotek starta opp, noko som vart markert tysdagskvelden denne veka. Og sjølvsagt var arrangementet lagt til biblioteket.