[ mat ]

Hurra for lofot- torsken!

Det er tid for skreimølje

SKREI: Hurra! Lofottorsken har kome og det er tid for skreimølje!   Foto: Marianne Aaaronsen, Norges sjømatråd.

Nyhende

Skrei kjem frå verdas største torskebestand og vandrar kvar år frå Barentshavet og ned til Norskekysten. Skreien har mykje betre kondisjon og meir musklar enn torsk som lever stasjonært, fiskekjøtet har derfor fast og fin i konsistensen og er svært kvitt. Over 40 % av all skrei vert fiska i Lofoten og Vesterålen i sesongen frå januar til april, og no har skreien kome og det kan dukast til skreimølje.