– Eg er overvelda over hjartevarmen

Maria Hovden (34) vart åleine med fem born då sambuaren døydde brått like før jul. Midt i sorga opplevde ho mykje omsorg.

overvelda: Maria Hovden vart åleinemor då sambuaren døydde brått i desember. – Eg er utruleg takknemleg for den enorme hjartevarmen folk har vist, det er faktisk heilt fantastisk, seier ho. Foto: Linda Eikrem 

Det er ingen ting som kan gje meg og borna Kjell Øyvind tilbake. Men folk har vist ein enorm hjartevarme, og dei innsamla pengane lettar ei stor bør frå skuldrene mine

Nyhende

– Det er heilt overveldande, rett og slett. Eg veit ikkje korleis eg skal få takke alle, seier Maria om hjartevarmen ho har opplevd den siste tida.