Ny barnehage i Hasund krins?

Tomteval

PLASSERING: Plankart som viser plassering i forhold til største byggefeltet i krinsen. 

Nyhende

Ser at ein i Levekårsutvalget med knappast muleg fleirtal har gått inn for å bygge på eksisterande Sundgotmarka barnehage, fordi ein då truleg sparer 13 mill i forhold til ny ved Hasundgot stadion.



Tomta barnehagen ligg på i dag har høgdeforskjell på 10 meter på 50 meters lengde. Her skal inn tre gongar så mange born som der er i dag. Bygget må rehabiliterast og utvidast, parkeringsplassen må tredoblast, leikearealet må utvidast.

Uansett om ein ekspropierar tilleggsareal og riv løa på naboeigedomen så vil ein slite med høgdeforskjella. Ein kan sjølsagt fylle opp nedre del av tomta og ha parkeringsplass der, men ein kan ikkje senke eksisterande bygg og vil då få ein bratt tilkomst opp til inngongane. Alle veit at det er uheldig vinterstid med snø som vert tiltrakka av born og foreldre før vaktmesteren kjem på jobb. Utforming av leikearealet kan også vere ei utfordring.

Tomtegrunnen består av siltsand(?) tidlegare elveleie og sjøbotn. Joelva går langs Joelvavegen inne på tomta og elva kan ikkje leggast i rør/kanal pga stort nedslagsfelt og flomfare iflg NVE lenger oppe i byggefeltet.

Langs Joelvavegen burde vere gangfelt med den trafikken som er i dag, og det vil tvinge seg fram med tre ganger så stor trafikk som det no er til barnehagen.

Alternativ 1

Som Fellesrådet gjekk inn for er ei tilnærma flat tomt på morenemasser. Vegen opp til denne tomta har same standard som Joelvavegen, stigning og breidde og trafikken er langt mindre. Vegen «betjena» 18 bustadar og Joelvavegen 70 om lag.



Der vart utbygd parkeringsplass på vestsida av Gjerdsbakkvegen når Ulstein kommune inngjekk leigeavtale for Hasundgot klubbhus der det i dag er 25 born og tilsvarande foreldre og biltrafikk. Det er aldri kaos morgonane der slik det ofte er ved Sundgotmarka barnehage, og Joelvavegen. Denne parkeringsplassen dekker om lag halve behovet for parkering som er beregna til 37 bilar for ny barnehage på same tomta som parkeringsplassen ligg på.

Samfunnsøkonomi:

Parkering må sjåast i samanheng med Hasundgot idrettslag sine planar og behov for parkering. Det er sjeldan konflikt med bruk av parkeringsplassane i dag mellom barnehagen på klubbhuset, som brukar stort sett på dagtid kvardagar - og idrettslaget sine tilskipingar som er på kveld og helg - når barnehagen er stengt. Når det er fellessamlingar, personalmøter etc brukar barnehagen møtesalen på klubbhuset og parkeringsplassen på grusbana nord for klubbhuset. Barnehagen har aktivitet på dagtid kvardagane og Hasundgot på kveld og helg. Ved eksisterande barnehage (alt.2) vert det store kostnader til parkeringsplass kun for barnehagen 5 dager i veka – ingen sambruk på helg og kveld.

Oppsummering

I sakspapira står det

«Sidan alternativ 2 utviding av Sundgotmarka barnehage er frå ca. 13-19 mill.kr rimelegare enn dei to andre alternativa, har fordelar knytt til trafikkavvikling og ligg sentralt i det største bustadområdet i krinsen, vert det rådd til å gå vidare med dette alternativet».

Alternativ 1 ligg i same største byggefeltet i krinsen, men med direkte tilgong til friareala ved Kjærringnesvatnet, Statsskogen på 800 mål og tursti til fjelltoppane på øya og Uglesætra – utan å krysse ein einaste bilveg, i tillegg har dei den etablerte lavoen 200 meter frå. Det er ulemper knytt til trafikkavvikling; Forbi alt.2 går alle skuleelevane frå Sundgotmarka, Kjerringnesmyra og Gjerdsbakkane – nærmast over parkeringsplassen samtidig med at trafikken er stor pga levering av born i barnehagen – og no vert trafikken tredobla. Langs Gjerdsbakkvegen går nesten ingen skuleborn, men gangvegen frå Kjærringnesmyra kryssar den, frå Gjerdsbakkane går skuleborna over stadion og forbi alt.2 sin parkeringsplass.

Dermed kan kostnaden like gjerne verte lik på dei to alternativa 1 og 2.

Ein treng ikkje fortau ved bruk av Gjerdsbakkvegen i alt.1, då trafikken der er begrensa, og ikkje vil auke særleg. Men det treng ein ved auka bruk av Joelvavegen som har stor ferdsel av elevar til skule og skulebuss samtidig med bil-trafikk ved levering av borna i barnehagen. Vassledninga har god kapasitet i dag og treng ikkje oppgradering for 50 nye barnehageborn sitt vassforbruk? Grunnforholda er meir risikofylt ved alternativ 2 med siltsand, enn ved alternativ 1 som har stabile morenemasser, dermed kan ein flytte over 1 mill frå alt 1 til alt 2 i framlagt kalkyle. Rehabilitering av eksisterande bygg vert dyrare enn antyda? Opparbeiding av tomt og leikeplass vert dyrare enn antyda? Parkeringsplass og gangfelt langs Joelvavegen er ikkje med i kalkylene.

Ein må forutsette at eksisterande barnehage med tomt kan selgast, og at ein då ikkje taper ein million som oppsett i kalkyla for alt.2?