Sterkt årsresultat for Sparebanken Møre – veksande optimisme på Ytre Søre:

– Det har vore eit godt år

Banksjefane for personmarknaden og næringslivet er sikre i si sak – regionen er stabilt på veg opp igjen etter fleire utfordrande år.

Nøgde med resultatet: Banksjefane for personmarknaden i høvesvis Hareid og Ulstein, Melinda Skeide og Ellen Kvalsund – står her med Hege Karete Hamre, banksjef for næringsliv på Søre Sunnmøre. Dei er godt nøgde med fjorårsresultatet til Sparebanken Møre. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll. 

Nyhende

Måndag møtte Vikebladet Vestposten trioen Hege Karete Hamre, Ellen Kvalsund og Melinda Skeide – høvesvis banksjef for næringsliv på Søre Sunnmøre, og banksjefar for personmarknaden ved avdelingane i Ulstein og Hareid.