Færre bussar

Fylkestinget løyver mindre til kollektivtransport og dermed blir det færre bussavgangar.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Fylkestinget har vedteke å redusere løyvingane til kollektivtransport med 5 %, noko som fører til færre bussavgangar.

Ulstein formannskap ber dei halde oppe rutetilbodet på bussruter med godt trafikkpotensiale, dvs. rutene til/frå Volda/Ørsta og Fosnavåg til Hareid, via Garneskrysset og Ulsteinvik sentrum.

Dei vil også ha busskorrespondanse på alle avgangane til hurtigbåten på dagtid måndag til fredag, også i periodane det er skuleferie.