Fire statsrådar inviterer ferjefylka til krisemøte

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) besøkte i førre veke Møre og Romsdal, der det har vore store protestar mot auka ferjeprisar. No inviterer fire statsrådar fylka til møte. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix 

Nyhende

Etter at fire kystfylke og KS fredag gjekk saman i kampen for meir pengar til ferjene, svarer regjeringa med å invitere fylka til ferjemøte 2. mars.

Ifølgje Dagbladet vil samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF), kommunalminister Nikolai Astrup (H), klimaminister Sveinung Rotevatn (V) og distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H) delta i møtet.

Invitasjonen kjem etter krav om at regjeringa må betale meir av prislappen for å legge om til grøn ferjedrift. Omlegginga er ei av årsakene til dei auka billettprisane, som har skapt ferjeopprør langs kysten.

– Det er viktig å få kunnskap og informasjon om tala og prisauken og ikkje minst sjå på verkemidla for kva vi kan gjere med dette, seier Hareide til avisa.