Ingen konkrete krav frå «ferjeklubben»

Fire kystfylke og KS presenterte fredag samarbeidet sitt for å få ned ferjeprisane. Dei kom likevel ikkje med konkrete krav til regjeringa.

Fire kystfylke og KS krev at regjeringa betalar meir for omlegginga til meir miljøvennleg ferjedrift. Frå venstre:, Bent-Joachim Bentzen (Sp), fylkesråd for samferdsel i Nordland, Bjørn Inge Mo (Ap), fylkesrådsleiar i Troms og Finnmark, Tomas Norvoll (Ap), fylkesrådsleiar i Nordland, Jon Askeland (Sp), fylkesordførar i Vestland, Gunn Marit Helgesen, styreleiar i KS, Tove-Lise Torve (Ap), fylkesordførar i Møre og Romsdal og fylkesvaraordførar i Møre og Romsdal Per Vidar Kjølmoen (Ap). Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix 

Nyhende

Fylka og KS står samla om dette krav: Regjeringa må betale meir av det det kostar å legge om til grøn ferjedrift. Omlegginga er ei av årsakene til dei auka billettprisane, som har skapt ferjeopprør langs kysten. Men i det nordlegaste fylket i landet har ikkje det grøne ferjeskiftet komme så langt, og slik kan det bli verande, åtvarar fylkesordføraren.